17.10.2010

Skildring av Sanninga

Sanninga var namnet hennar. Ho trudde ho var så mykje betre enn alle dei andre, sat der på fremste rad og kunne svara på alle spørsmåla til læraren. 
Det sjølvsikre gliset ho alltid hadde om munen, og det litt for ærlige glimtet  i  dei isblå augo. Ingen likte henne. Ho likte ingen. 
Ho blei ikkje med på noko lengre, og alt hadde ein eller anna unnskyldning. Ho kunne ikkje vere med på  fritidsaktivitetar, for ho kunne ikkje fortelje kvite løgnar for å få folk til å føle seg bra. Ho kunne heller ikkje vere med i språktimane, for hun meinte at ein ikkje trengte å kunne lyge på fleire språk. 
Så da blei det til at ho vart sittande for seg sjølv, utan nokon å snakke med. Ho svarte på alle spørsmåla til lærerane, ho holdt på sitt og droppa språktimane, gymtimane og alt anna ho meinte var feil. Og tilslutt vart ho berre borte - ho kunne ikkje vere med på noko lengre. Så ein dag var det som om ho ikkje fantes lengre, og alle hadde gløymt ho, då eg plutseleg såg det kvite håret og den lyse huden hennar, og eg visste; vi kunne aldri heilt bli kvitt Sanninga. 

1 kommentar: